Haustkast 2016, runde 5

Publisert 23.10.2016 av Kjell Mongstad

Haustkast 2016, runde 5 er over. Og igjen var det strålande haustvêr, humør og ein litt lei vind på tvers. Og denne gongen var det Bjarte og Bence som meistra forholda best, med høvesvis 33 og 35 kast på 9-korgsbana.
Men desse damene lurar rett i bakgrunnen med stabil og god kasting. Også Aron har godt draget på vinden, ser det ut som :) 
Gøy at så mange er med, anten på Haustkastrundar eller berre kosar seg med litt frikasting saman oppe i lyngheia.
Fortsett med det :)