Haustkast 2016, runde 4

Publisert 16.10.2016 av Kjell Mongstad
Runde 4 av Haustkast`16 er unnagjort.
Og det var heile 14 stk. som koste seg i ein utfordrande austavind.
Og Eirik meistra vinden best denne dagen og klarte runden på glitrande 30 kast (+2). Så følgde me "gamlingar" som perler på ei snor. Herleg vêr, herleg gjeng, godt humør. Kjekt at både spinne- og sverdsida og ungdom i alle aldre kan ha det kjekt i lag...sånn skal det vera :) Og etterpå tok nokre av oss like godt 18-korgsrunden. Kjempegøy og ein fantastisk tur det også :)