Haustkast 2016, runde 3

Publisert 09.10.2016 av Kjell Mongstad

Ein skikkeleg artig haustkastrunde er over... og du verden så flott vêr det var og kor jamnt det vart. Endre trakk det lengste strået denne gongen 31 (+3). Grattis !!! Så følgde Mark, Tor Arne og Tommy / Kjell som perler på ei snor. Og ein skikkeleg irriterande rulledisk øydela for Gaute på å klare 3 kast på siste korga. +10 er likevel supert   Og ein flott personleg rekord på Ole Jørgen 
Så det vart altså flotte resultat på alle samandenne strålande dagen.
18-bana fekk vi også teste ut etterpå. Anbefaler å ta dykk ein runde der. Kjempegøy og mykje lettare å gå no enn tidlegare i sommar.