Fornying medlemsskap - som inkl. laugsdisk

Publisert 11.03.2017 av Kjell Mongstad

Hei alle Laugsvener

Hadde eit flott årslaugsmøte i Solund Sendebrettlaug 12. febr. og årsmøte i Solund IL 5.mars som godkjende lauget sitt vedtak om medlemskontingent for år 2017. 
Med medlemsskapet følgjer det i år min. 1 laugsdisk. Lauget kan dele ut desse diskane, fordi det vart arbeidd så avsindig mykje dugnad i år 2016. Tusen takk for innsatsen alle saman:

Vedtak:
o   Kr. 150,- pr. medlem - som inkl. 1 laugsdisk
o   Kr. 300,- for familiemedlemsskap (inkl. «born» til og med siste ungdomsskuleår), som inkl. 2 laugsdiskar

Kontonummer for innbetaling er 3705.29.38016. Det er berre å starte overføringstransaksjonen.

Forutan det at du får ein ny laugsdisk, så får du også ein god rabatt på innkjøp av diskgolfutstyr på XXL-sport i Åsane. 
For å vera fullverdig medlem, må du også vera medlem i Solund IL. Då er du i tillegg forsikra og nyt godt av alle dei gode innkjøpsrabattane som Solund IL har i Førde også.

Laugsdiskane vert kjøpt inn og utdelt når vi har fått brorparten av kontingenten inn. Då vert også eit elektronisk medlemskortet for år 2017 sendt dykk.
Trekking av premiar på årslaugsmøte:
Først:
Dorthea Lerpold Hauge vant «Rist av juleflesk»-turneringa (lengste tilbakelagte strekning). GRATTIS!!!
Dernest:
Tore Nicolaysen Trovåg og Asle Kalgraff vart trekt ut som vinnarar av ein laugseffekt / disk i tillegg. Gratulerer!
Tarjei Kalgraff, Ingvill Storøy og Jørn Otto Olsen vart trekt ut som vinnarar av ein laugseffekt / disk etter Haustkast-turneringa. Gratulerer!
Framdrift kunstgrasdekke / friidrettsdekke / flomlys / Idrettshus, m.m.
Det er sannsynleg at oppstarten av grunnlagsarbeidet for fullføring av kunstgras- og friidrettsdekke skjer i månadsskiftet mars / april.
Vårkastturneringa vert difor gjennomført på 18-korgsbana (heile eller delar av den), kvar søndag kl. 13:00 som tidlegare, med oppstart 26. mars.

Solund IL har vedteke at å få realisert eit nytt Idrettshus skal ha høgste prioritet. 
Det vart i år 2016 arbeidd fram ei flott idéskisse for prosjektet. Sjå protokoll frå Solund IL sine 2 siste årsmøte om dette. 
Solund kommune har i sine budsjett vedteke ei grunnfinansieringa til å realisere eit Idrettshus ved Solund Idrettspark.
Vi gleder oss over den gode utviklinga!

Sjå andre plassar på heimesida og på https://www.facebook.com/groups/solundsk/?fref=ts for all informasjon som trengs og kontakt oss gjerne på post@sendebrettlauget.no .
Ha ein finfin diskgolfvår!