Ein kjempefin diskgolf-søndag er til endes - framhald i morgon!

Publisert 30\.0\.2015 av

Strålande ver, masse folk, unge som vaksne i ei salig blanding...sånn er det i Solund.

Masse leik og sosialt liv og litt alvor, men berre for dei med eit godt utvikla konkurranseinstinkt.

Aron knuste til med beste putterserien denne dagen!
Mange gode "Haustkast´15 nr. 2" - resultat. Det byrjar å bli tett i toppen (på resultatlista altså).
Kjell tok ein knepen siger...Mange er i siget og Kjetil sin debut kan tyde på at han vert ei hard nøtt å slå i framtida.

I morgon kjem Idrettsforbundet til Solund, med både ein journalist og fotograf. Det blir film og foto, hotdogs og vaflar...rett etter skuletid og utover ettermiddagen.
1 av 15 som får det celebre besøket i Norge...det let seg høyre!
Kom oppom også i morgon!

Neste søndag vert det nye haustkast...