Bli medlem i Solund Sendebrettlaug

Publisert 20\.0\.2015 av
Heisann kjære laugsvener:
Vi oppmodar dykk no til å verta medlem i Solund Sendebrettlaug.
I staden for å bruke tid og ressursar på å lage ein giro, ber vi simpelthen om at de betaler utfrå infoen som følgjer:

Kontingenten er kr. 100,- for =18+ og kr. 50,- for dei under. Kontonummeret til lauget er 3705.29.38016.

Det vert utferdiga eit elektronisk medlemskort som vert sendt til mobilen din. Dette kan du førevisa på XXL-sport i Åsane om du vil kjøpe diskgolfutstyr med 15% rabatt.
Som medlem i Solund Idrettslag får du 15% rabatt på alle varer ved Sport1 i Førde.
Støttemedlemer er like god som andre, og får same rettigheiter.
Gleder oss til vidare utvikling av lauget og vonleg ei snarleg etablering av ei 18-hóls diskgolfbane.

Vidare følgjer litt positiv statistikkdata rundt Solund Sendebrettlaug sin aktivitet frå den mellombelse 9-hóls testbana vart etablert ultimo juli, og fram til idag:

  • Lauget vart stifta den 28. juni 2015
  • Første offisielle runde vart gjennomført den 31. juli 2015...(då var 9 portable korger utplassert)
  • Lauget vart tatt opp som gruppe i Solund IL den 20. august 2015

  • Det er offisielt registrert at det er gått omlag 300 rundar på testbana (dette tilsvarar ei tilbakelagt lengd tur-retur Solund-Oslo)
  • I tillegg kjem alle registrert eigentrening på bana som fullstendige eller ufullstendige rundar, samt eigentrening med drivere og puttere på sjølve Idrettsbana. 
  • Det er selt omlag 100 diskar til dei som har delteke

  • Det er pr. idag 102 personar som følgjer Sendebrettlauget sin aktivitet. Desse er alle registrert med fødselsdato, tlf.nr. mailadr. (der dette eksisterer). 
  • Lauget har arrangert:
    • Putterkonkurranse m.m. på Solunddagen
    • Diskgolfmoro med skuleelevar (i samarbeid med NIF sitt nettsideprosjekt)
    • Solund Open 2015
    • Vekesgolf kvar veke med diskgolfmoro med innlagt uoffisiell konkurranse:
      • Sommarkast´15
      • Haustkast´15
      • Vinterkast 2015 / 2016 startar opp førstkomande søndag
    • Diskgolfmoro på Idrettsdagen

  • Det er registrert 69 ulike personar som har gått ein eller fleire fullstendige rundar på testbana
  • Desse 69 personane er både damer og menn og alderen er mellom 7 og 60 år og 
  • Beste registrerte einskilde runde har vore på 25 kast (ergo 5 under par)
  • Beste registrerte dobbeltrunde har vore på 53 kast (ergo 7 under par)

  • Det vert i desse dagar oppmoda brukarar / følgjarar til å verte medlem av Noregs vestlegaste Sendebrettlaug - Solund Sendebrettlaug. 

  • I skrivande stund har 35 personar betalt (hhv. kr. 100 for 18+ eller kr. 50 for dei under). Mange fleire har signalisert at dei vil betale. 

  • PS! Ein må også vera medlem i Solund IL for å verta tatt opp som laugsmedlem