Bli med å riste av litt juleflesk!

Publisert 19.12.2015 av Kjell Mongstad

No har vi eit opplegg klart for ei triveleg og helsesam diskgolfjul:

Temaet vert "Juleflesk"; - og det vert om å gjere å legge av seg mest mogleg juleflesk på diskgolfbana, frå og med i morgon og fram til og me 3. nyttårsdag. Ein runde utgjer omlag 2,0 km. med juleflesk. 
Her er opplegget:

Reglar:
- Alle som vil vera med, betaler kr. 25,- til 3705.29.38016 (til premiar)
- Du velger sjølv kor mange julefleskrundar du vil gå og kor tid
- Men det er nøydd å vera med 3 deltakarar for å få registert runden
- Ein av deltakarane vert peika ut som ansvarleg for runden
- Den ansvarlege må kunna banereglane
- Den ansvarlege sender resultatet til post@sendebrettlauget.no 
- Det kan berre registrerast 1 julefleskrunde pr. dag

Premieringa vert slik:
1. Alle som går 1 julefleskrunde er med i trekninga om ein Solund 
Sendebrettlaug-caps (verdi kr. 138)
2. Alle som går 3 julefleskrundar vert med i trekninga om ein driver av beste
kvalitet (verdi kr. 200)
3. Alle som går 5 julefleskrundar vert med i trekninga om Sendebrettlaug-
sportsbag (verdi kr. 257).
4. Den som går flest julefleskrundar, vinn ein Solund Sendebrettlaug -
hettegenser (verdi 275)
4. Familiar der alle har vore saman om å riste av seg 3 rundar i julflesk- 
perioden, får ein Solund Sendebrett-kopp eller caps.

Vel møtt til første runde i morgon kl. 13.00...vi er ferdig i god tid før julekonserten!

PS!
Alle rundar som vert registrert i julefleskperioden, inngår i "Vinterkast 2015 / 2016". Denne turneringa har pågått sidan november og det vert premiering også i denne turneringa. Der vil dei 5 beste rundane i perioden november til og med mars telja med.

Sjå resultatservice for Julefleskturneringa under Vinterkast 2015 / 2016 - http://sendebrettlauget.no/turneringar/vinterkast-2015-2016/
Korleis poengsystemet for denne overordna turneringa fungerer, kan du lese der.