Artig turlags- og diskgolfdag i Idrettsparken

Publisert 23.08.2015 av Kjell Mongstad

IMG 3305Fantastsiake Solunddagar er til endes. For mange vart desse dagane avslutta søndag saman med Turlaget på Ravnenipa og diskgolfaktiviteter i Idrettsparken. Dagen skulle berre vera blott til lyst og moro; - og vart det; -for både så og store, kvinner og menn.

3 ulike "Putte"-øvingar vart demonstrert... der puttarkongen Tor Arne igjen viste musklar. Ein kunne øve på "Innspel"... presisjonskast på stang... gjerne med ein disk type midrange.

Lengdekast på oppmerka bane... forsøke med ulike drivere, der Tarjei verkeleg demonstrerte musklar på lengde.Og Endre sende oss andre nokre lange skremmeskot som vi må ta på alvor. Her er det berre å legge seg i trening.

IMG 3300

Gaute sin teknikk er forbilledleg på både korte og lange kast; - the coming diskgolfman i Solund.

Dei som ynskte det gjekk testbana saman; - nokre hól, eller sogar heile bana. Og her gjennomførte Tarje ein runde på delt nestbeste-notering på +3.

Bjarte er tydelegvis også skikkeleg i siget med sine +7. Aron slår vel alle med sin forbetring på heile 11 kast... frå +26 til +15.

Turlaget stilte med både kaker, vafler og med noko å drikke til. Dette var artig og dette må gjentakast... og det treng ikkje skje berre kvar Solunddag; - men heller kvar søndag!

Så neste diskgolfdag / vekesgolf, vert på førstkomande søndag kl. 13.00

IMG 3309

Spiller Detaljer Sum +/-
Tarjei Kalgraff 343623444 33 3
Kjell Mongstad 443634354 36 6
Bjarte Engevik 555544333 37 7
Geir-Kåre Ynnesdal 444643457 41 11
Kim Arnes 653745335 41 11
Tor Arne Hauge 754834443 42 12
Eirik Engevik 455635446 42 12
Gaute Lerpold Hauge 8631247555 55 25
    Eagle/Ace         Birdie         Boogey         Dobbel Boogey +