Årslaugsmøte er gjennomført !
Publisert 19\.0\.2021 avHei alle diskgolfvener
Årslaugsmøtet er gjennomført og vedlagt følgjer protokollen frå møtet.
Vi ynskjer velkomen Kristian og Håvard som nye laugsrådsmedlemer
Vi ynskjer velkomen Kristian og Håvard som nye laugsrådsmedlemer
Kontingenten for år 2021 vart på årslaugsmøtet vedteken slik:
- Kr. 200 pr. medlem
- Kr. 400 for familiemedlemsskap (inkl. «born» til og med siste ungdomsskuleår)
Fordi leverandørane er gått tom for plast, så vert det ikkje produserte blanke disker og vi får ikkje bestilt laugsdiskar før inn mot nyttår. Så de må vente med å hente ut medlemsdisken til dess.
For betaling av kontingenten kan du anten vippse eller sette pengene inn på lauget sin bankkonto.
Medlemsskapet forpliktar deg ikkje på å jobba dugnad; - berre å vera del av heiagjengen
.
Medlemsskapet forpliktar deg ikkje på å jobba dugnad; - berre å vera del av heiagjengen
![????](https://static.xx.fbcdn.net/images/emoji.php/v9/td8/1.5/16/1f60a.png)
VIPPS 105866.
Konto 3705 29 38016
PS! Lauget er organisert som ei undergruppe av Solund IL. Vi oppmodar alle som ein til også å vera medlem av dette fantastiske Idrettslaget. Ikkje berre er Solund IL hovudårsaka til at Solund Idrettspark framstår som eit av landets mest naturskjøne Idrettsanlegg, men også snart er det på plass eit Nytt Idrettshus, med eit 100 kvm styrketreningsrom, garderobar, toalett både ute og inne og høve til opphald under tak, på plass.
Medlemsskap i Solund IL gjer at du også inngår i hovudlaget si forsikringsordning.