9-korgs sommarbane er på plass - "Sommarkast" runde 1

Publisert 03.07.2016 av Kjell Mongstad

Sommardiskgolfbana er klar og det vil skje ei "Sommarkast-turneringa" i diskgolf på onsdagar og søndagar fram til Solunddagen.
For dei som vil delta; - min. 3 må gå runden i lag, og dine 5 beste rundar i løpet av sommaren tel med på resultatlista.
Turnering eller ei; - 9- eller 18-korgsbana ; - KOS DEKO :)

Her er baneforklaringa:

For alle baner; - Alle bom på mandoer og diskar som går OB, gjev 1 ekstra kast.

Bane 1 - Par 3, 60m oppover
Utkast frå asfaltkant oppkøyrsel til fam. Stine og Kim.
OB-linje langs venstre grøftekant på veg opp mot Idrettsbana, og langs parkeringsplass ved fotballbana. Ved OB, kast disken frå der den sist var god.

Bane 2 - Par 3, 49 m svakt nedover
Utkast frå hjørne parkeringsplass mot OB-øy.
Om disken kryssar OB-linjene på OB-øya, kast frå drop-sone.
OB-rektangel fram mot veg / bom. Vanlege OB-reglar gjeld og disken skal kastast frå der den sist kryssa OB-linja.

Bane 3 - Par 3, 46 m, oppover
Utkast frå flatt parti ovanfor elv.
OB følger gamalt tomtegjerde mot vest, og bakom korg som står på ei høgd. Ved OB, kast disken frå der den sist var god.

Bane 4 - Par 3, 66m, oppover
Utkast frå hjørne av Idrettsbana, bak skateboardparken.
Mando til høgre, som styrer kastet langs Idrettsbana og hindrer konflikt ved kast på bane 5 (her må gruppa følge med på kvart kast og vurdere om det blir mando). Ved bom på mando, dropsone ved mando.
OB bakom korg, nede på vollen. Ved OB, kast disken frå der den sist var god.

Bane 5 - Par 3, 55 m , nedover (Ørneflóget)
Utkast frå platå over Idrettsbane. (Før trappa er på plass vert utkastet frå platå på vollen nedanfor fjellplatået).
OB på Idrettsbane, bakom korg, og nedanfor vollen mot nord.
Ved OB på første kast, drop-sone på platået nedanfor fjellplatået (re-tee inntil trappa er på plass).
Ved OB ellers, kast disken frå der den sist var god.

Bane 6: - Par 4, 170 m, svakt nedover
Utkast frå platå på vollen nedanfor fjellplatået.
Heile Idrettsbana er OB. Vollen heilt søraust for bana er OB. Korga står på ei OB-øy der eit elveleie gjev naturleg grense mot sør og aust.
Ved OB, kast disken frå der den sist var god.

Bane 7 - Par 3, 40 m, svakt oppover
Utkast ovanfor elv, mellom kampesteiner.
Dobbelmando mellom to tre. Ved bom på mando, dropsone på grasflate aust for mando.
OB mot Idrettsbane. Ved OB, kast disken frå der den sist var god.

Bane 8 - Par 3, 73 m, svakt oppover
Utkast frå hjørne på Idrettsbana. Ingen mando eller OB

Bane 9 - Par 3, 95 m, ingen høgdeforskjell
Utkast på platå ved midten av Idrettsbana.
OB markerer Parkeringsplassen ved Idrettsbana.
Ved OB, kast disken frå der den sist var god.